Jæren Friluftsråd i samarbeid med Delfinen svømmeskole arrangerer
Trygg i havet-kurs på Friluftshuset på Orre
onsdag 28.juni kl 10.00-13.00
torsdag 29. juni kl 10.00-13.00
Kurset er for barn i alderen 10-12 år med forelder/føresett eller anna vaksenperson.
Me startar med foredrag inne på Friluftshuset. Ingjerd Haarstad frå Delfinen svømmeskole fortel om det fantastiske havet og vi lærer om noko av alt det fantastiske som lever i havet. Du får læra om straumar, bølger og korleis ein reddar seg sjølv og andre dersom uhellet er ute.
Etter føredraget inne, fortsetter kurset på stranda og i bølgene i havet. Barna får låna våtdrakter, sokkar og hanskar og får kyndig hjelp av Ingjerd og hennar medarbeidarar i Delfinen svømmeskole. Alle vaksne kan også få låna våtdrakt og vera med uti. Dersom barnet ditt ikkje er trygg i vatn er det fint at du er med uti.
Arrangementet er gratis. Påmelding påkrevd.
Meld på! Dette blir kjekt og lærerikt!
Kafèen på Friluftshuset er open. Vi sel lappar, pizzasnurrar, is, kald og varm drikke. Medbrakt nistepakke er lov.
Velkommen!